Forside / Tandem / Kurs / Hoppfelt / Terminliste / Kontakt oss / Medlemssider

Velkomen til Voss Fallskjermklubb!

Fallskjermhopping er livsglede!
På Voss er det òg ei makelaus naturoppleving.

Me ynskjer alle velkomne til hoppfeltet vårt, anten det er for å hoppe eller for å drøyme om fallskjermhopping over ein kopp kaffi.

Skydive Voss er det hoppfeltet der det vert gjennomført flest fallskjermhopp i landet.  Med aktivitet året rundt har me noko for alle; frå nybyrjarar til verdsmeisterar.  Hoppfeltet ligg 5 minutt frå Voss sentrum, og berre ein time frå Bergen.  Og midt i mellom hoppfeltet og sentrum:  DEN NYE VINDTUNNELEN PÅ VOSS !!!

Skydive Voss er eit velkjend namn internasjonalt, noko me trur skuldast kombinasjonen av den fantastiske naturen og ”Vossaånden” – den opne og inkluderande stemninga på hoppfeltet.
Les mer...

Lyst å prøve fallskjermhopping? Hopp tandem!

Mange har lyst til å hoppe fallskjerm, men ikkje heilt sikre endå om å ta kurset. Tandem er ein god introduksjon til opplevinga av fritt fall og av sporten.

Skydive Voss startar hovudsesongen 19.april med der det er mogeleg å hoppe tandem kvar dag.  Fram til då vil det berre vere sporadisk aktivitet, ta kontakt ved spørsmål.

Trykk her for meir informasjon.

Fallskjermkurs - no med VINDTUNNEL!

Bli med oss til største leikeplassen i verda og bli fallskjermhoppar! No er kurslista for 2014 oppdatert.

Trykk her for å kome direkte til påmeldingsskjemaet.

Trykk her for meir informasjon om kurs.




Skydive Voss, Postboks 285 – 5702 Voss. Telefon: 56 51 10 00  epost: info@skydivevoss.no Bank account: 9581.10.71472