Forside / Tandem / Kurs / Hoppfelt / Terminliste / Kontakt oss / Medlemssider
Tandem
Tandem
Pris og bestilling
Krav
Booking og gåvekort

Tandemhopp

27.12.2012, VFSK
GRIP SJANSEN NO!  Me arrangerer tandemhopping kvar dag frå 20. april til 15. september 2013.

Trykk for stor versjon av bildet
EXIT!!
Eit hopp som tandemelev kan vere ein måte å "smake" på fallskjermsporten før du velgjer å bli sjølvstendig hoppar. Eller det kan rett og slett vere at du ynskjer deg eller nokon du er glad i ei makelaus oppleving – eit minne som følgjer deg livet ut !

Som tandemelev vil du gjennomgå hoppet på bakken saman med tandeminstruktøren, dette tek om lag 20 minutt. Så set du deg i flyet som tek dykk over 4000 meter opp i lufta. Når de forlèt flyet vil du oppleve 200 km⁄t i fritt fall som varer i om lag 45 sekund. Deretter vil du henge under ein fallskjerm saman med tandeminstruktøren. Skjermturen vil ta 5–7 minutt og du vil få høve til å styre skjermen, eller berre nyte den fantastiske utsikta og stillheita før de landar trygt på bakken på landingsområdet.

Fallskjermhopping er ein vèravhengig aktivitet, og skulle ikkje vèret tillate tandemhopp, vil me ringe deg i førevegen.

Trykk for stor versjon av bildet
I fritt fall.





Skydive Voss, Postboks 285 – 5702 Voss. Telefon: 56 51 10 00  epost: info@skydivevoss.no Bank account: 9581.10.71472