AFF–kurs
Aksellerert Fritt Fall er den mest effektive utdanningsforma innan fallskjermhopping. Den praktiske delen består av sju godkjente hopp (nivå). Allereie på det fyrste hoppet vil du saman med to instruktørar som held deg gjennom hoppet gjere eit utsprang frå 15000 fot (ca 4500 m). Du skal no utføre det du har trent nede på bakken, eit kontrollert frittfall tek 40–50 sekund. I det frie fallet følgjer instruktørane dine med og instruerer deg om det trengs. Dei er alltid klare til å hjelpe deg om naudsynt. Deretter løyser du ut fallskjermen din under kontroll av instruktørane, før du styrer ned til landingsområdet.
Du skal gjere tre godkjente nivå med to instruktørar, deretter fire hopp med ein instruktør. På dei neste hoppa skal du gjere 9 solohopp med rettleiing frå instruktør, og fire hopp med instruktør (utsjekkshopp). På utsjekkshoppa går ein gjennom ulike element i to flygegreiner: FS (formasjonshopping) og FF (freefly). Eit av dei siste hoppa du skal gjere er eit låghopp. Her skal du gjere eit utsprang frå mindre høgd og trekke skjerm innan 5 sekund.
Ulike hopp
Nivå 1: Kroppskontroll
Assistanse frå instruktørane: Held dobbelt grep i eleven i utsprang, under heile fritt fallet og til skjermopning.
Utsprangshøgd: 15000 fot over bakken.
Trekkhøgd: 5500 fot (ca1600m) over bakken.
Tid i frittfall: ca 45 sek.
Tid i skjerm: ca 4–5 min.
Mål: Tre prøvetrekk, korrekt fallstilling, sjølvstendig trekk
Nivå 2: Kroppskontroll +
Assistanse frå instruktørane: som nivå 1.
Utsprangshøgd: som nivå 1.
Trekkhøgd: som nivå 1.
Tid i frittfall: som nivå 1.
Tid i skjerm: som nivå 1.
Mål: Tre prøvetrekk, 90' sving høgre og venstre, framoverrørsle, sjølvstendig trekk
Nivå 3: Sjølvstendehoppet
Assistanse frå instruktørane: Held dobbelt grep i eleven i utsprang og fyrste del av hoppet. Deretter berre om det trengst.
Trekkhøgd: som nivå 1.
Tid i frittfall: som nivå 1.
Tid i skjerm: som nivå 1.
Mål: Eitt prøvetrekk, fly aleine, korrigere heading, sjølvstendig trekk
Nivå 4: 90 grader sving og framover rørsle
Assistanse frå ein instruktør: som nivå 3.
Utsprangshøgd: som nivå 1.
Trekkhøgd: 5000 fot (ca 1500m)
Tid i frittfall: ca 50 sek.
Tid i skjerm: ca 4 min.
Mål: Flyg aleine, svingar og framoverrørsle som nivå 2, sjølvstendig trekk
Nivå 5: 360 grader sving og framover rørsle
Assistanse frå ein instruktør: som nivå 3.
Utsprangshøgd: som nivå 1.
Trekkhøgd: som nivå 4.
Tid i frittfall: som nivå 4.
Tid i skjerm: som nivå 4.
Mål: 360' sving høgre og venstre, meir aggresiv framoverrørsle
Nivå 6: Singel exit (uassistert utsprang)
Assistanse frå ein instruktør: ingen grep i utsprang eller frittfall, berre grepsassistanse om det trengs.
Utsprangshøgd: som nivå 4.
Trekkhøgd: som nivå 4.
Tid i frittfall: som nivå 4.
Tid i skjerm: som nivå 4.
Mål: Single exit, gjenvinne stabilitet, framlengs salto, marsj
Nivå 7: Solohopp under oppsyn
Assistanse frå ein instruktør: som nivå 6.
Utsprangshøgd: som nivå 1.
Trekkhøgd: 4000 fot (ca 1200m).
Tid i frittfall: som nivå 4.
Tid i skjerm: ca. 3 min.
Mål: Single ustabil exit, baklengs salto, marsj
Nivå 8
Ingen assistanse i frittfall frå instruktør.
Utsprangshøgd: som nivå 1 og 3500 fot (ca 1000m)
Trekkhøgd: 4000 fot⁄3500 fot (lavhopp).
Tid i frittfall: som nivå 4 og maks 5 sek frå utsprang i 3500 fot.
Tid i skjerm: som nivå 7.
Mål: Gjere åtte solo tilvenningshopp der ein kan trener og betre manøvrar frå progresjonshoppa. To av hoppa skal vere låghopp (3500 fot)