Forside / Tandem / Kurs / Hoppfelt / Terminliste / Kontakt oss / Medlemssider
Kurs
Hoppe fallskjerm?
Fallskjermkurs
Tilbud til elever 2010
Påmeldingsskjema

Om klubben

11.03.2010
Voss Fallskjermklubb er ein av dei største klubbane i Noreg med aktivitet året rundt.  Hoppfeltet vårt ligg 5 minutt frå Voss sentrum, berre ein time køyring frå Bergen.

Skydive Voss er eit kjend namn i heile verda, noko me trur skuldast kombinasjonen av fantastisk vestlandsnatur og ”Vossamoodet” .  Voss Fallskjermklubb vart stifta i 1978 av Odd Dagfinn Hårklau, og har i dag ca. 300 aktive medlemmer.


Klubben er organisert med eit styre vald på årsmøtet beståande av seks medlem samt to vara.  Klubben organiserar serveringa på hoppfeltet.

Voss Fallskjermklubb har kvar sommar dagleg hopping frå midten av mai til midten av august.  Me gjer mellom 10000–15000 hopp, der omlag 350 av desse er tandemhopp, og me utdannar kvart år om lag 100 nye fallskjermhopparar frå heile landet.  Me tilbyr tandemhopping kvar dag, nybyrjarkurs kvar veke og me har ei rekkje arrangement i løpet av desse sommarmånadene. I arrangementsrekkja finn me blant anna kvart år Ekstremsportveko, verdas største ekstremsport festival.

Ein eventyrleg dugnadsinnsats frå våre medlemmer førte til at Voss Fallskjermklubb kunne innvie eit nytt klubbhus på hele 600m2 – stove⁄opphaldsrom, soverom, dusj⁄badstove, undervisningsrom, debrief og videorom, utstyrsrom, kontorer og kafè.

Voss Fallskjermklubb leiger ut klubbhuset i vinterhalvåret (sept–mai). Berre 5 minutt frå sentrum og skiheisane!


Skydive Voss, Postboks 285 – 5702 Voss. Telefon: 56 51 10 00  epost: info@skydivevoss.no Bank account: 9581.10.71472