AFF – kurs er den snøggaste vegen å ta for deg som ynskjer å bli fallskjermhoppar. Velgjer du vekeskurset, er du sjølvstendig hoppar på fem dagar. Kursa har oppmøte fredag kl 21:00 og karriera di som fallskjermhoppar kan starte.
Når du tek kurs hjå Voss Fallskjermklubb, får du òg fly i vindtunnel!!! Dette vart integrert i utdanninga frå og med 2012, og gjev deg som elev færre underkjente hopp (altså hopp ein må gjere opp att) då du allereie har fått prøve fritt fall før du går i flyet fyrste gong...