Forside / Tandem / Kurs / Hoppfelt / Terminliste / Kontakt oss / Medlemssider
Kurs
Fallskjermkurs
Prisar Aff-kurs
Reportasje om AFF kurs
A-sertifikat kurs
Påmeldingsskjema

Hoppe fallskjerm

29.09.2014
Har du drøymt å hoppe fallskjerm og vil gjere noko med tanken? Ta fallskjermkurs og bli sjølvstendig hoppar. Ta del i største leikeplassen i verda!

Trykk for stor versjon av bildet
Voss Fallskjermklubb arrangerer AFF–fallskjermkurs (accelerated free fall) heile sommaren frå slutten av april til midten av september.

Oppmøte og kursstart er fredag klokka 21:00. Etter ein eksamen sundag kveld, gjer du ditt fyrste fallskjermhopp på måndag. Me ber om at du set av heile veka for gjennomføringa av kurset og elevhoppinga, slik at du vert ferdig og får ein "flying start" på fallskjermkarriera di.

AFF kurs pris 2015 NOK 15950.–


AFF–kurset inkluderer:
  • Overnatting under kursperioden (sengetøy betales utenom, så ta med sovepose om du vil slippe ekstrakostnad)
  • 7 nivå hopp
  • *** VINDTUNNEL *** (eksklusivt for kurs i regi av Voss Fallskjermklubb)!!
  • Bakkekurs
  • Lån av fallskjerm på de 7 første nivåhoppene
  • Høgdemålar, hoppdress og hjelm på alle hopp fram til A–sertifikat
  • Obligatorisk ulukkesforsikring og 3.mannsforsikring
  • Loggbok
  • Video av nivå 1–7 hoppene
  • Årsregistrering på hoppfeltet og medlemskap i Norges Luftsportsforbund 
  • Opplæring i pakking av fallskjerm


Reserver plass på kurs i dag ved å registrere deg her

For meir informasjon ring 56 51 10 00 (utanfor sesongen Mån.– Fre. Kl.09: 00 – 18:00)  
eller send ein e–post på info@skydivevoss.no.

Ved påmelding sikrar du plassen ved depositum på kr 4000,–.
Resterande beløp betalast seinast 4 veker før kursstart.
Innbetaling av kursavgift og depositum kan gjerast til kontonummer: 9581.10.71472. MERK INNBETALING MED NAMN OG DATO FOR KURSSTART



Om du ikkje får godkjent eit nivå, må du gjere eit omhopp på nivået for å gå vidare i progresjonen (video av hoppa er i denne samanheng verdfullt, for å kunne betre gjennomføringa...).

Omhopp nivå 1–3
1540,–
Omhopp nivå 4–7
  970,–



For å fullføre kurset og bli sjølvstendig hoppar må du gjennom 13 nivå 8 hopp som sjølvstendig elev. På desse hoppa skal du hoppe solo med rettleiing av ein instruktør.

Hopp Nivå 8
350,–
Utsjekkhopp
710,–



Legesjekken er obligatorisk og kostar 500,–. Ynskjer du å gjere legesjekken hjå fastlegen din, finn du legeskjema her. Klikk deretter på "Medlemssider" ––> "Skjema for nedlasting" ––> "Legeskjema".  Skriv ut og ta med til legen din.  Hugs å ta med ferdig utfylt skjema på kurset.

For å gå fallskjermkurs må du ha fylt 18 år, eller 16 år med løyve frå føresette, samt ha godkjent legesjekk.

Fallskjemhopping med elevutstyr har ei øvre vektgrense på 100 kg.

Alle klubben sine instruktørar er godkjente av Fallskjermseksjonen⁄Norges Luftsportsforbund (F⁄NLF) etter dei føresegner og krav som vert stilt. Utanlandske instruktørar må ha ei individuell godkjenning av F⁄NLF.








* NB!  Eigen pris for vossingar.  (Me ynskjer stimulere til auka lokal rekruttering, då forankring i bygda er særs viktig.  Kurselevar med bustadadresse Voss vil difor bli subsidiert.  Ta kontakt!)




Skydive Voss, Postboks 285 – 5702 Voss – Telefon: 56 51 10 00 –  epost: info@skydivevoss.no – Bank account: 9581.10.71472